Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:12-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje skjøna, så dei kunne venda om og få tilgjeving.»

13. Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar?

14. Såmannen sår ordet.

15. Dei attmed vegen, det er dei som ordet vert sått i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sått i dei.

16. Sameleis dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det.

17. Men dei har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når dei møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell dei straks ifrå.

18. Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet,

19. men sutene for dette livet og den svikefulle rikdomen og hugen på alle andre ting kjøver ordet, så det ikkje gjev grøde.

20. Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: somme tretti foll, somme seksti foll og somme hundre foll.»

21. Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under eit kar eller under senga? Set dei det ikkje i staken?

22. For ingenting er løynt utan at det skal fram, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen.

23. Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

24. Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! Med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk, og endå skal de få noko attpå.

Les hele kapitlet Markus 4