Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jesus tok atter til å læra folket nede ved sjøen. Då samla det seg slik ei mengd ikring han at han laut gå ut i ein båt; og den sat han i utpå sjøen, medan heile folkehopen stod inne på stranda.

2. Han tala lenge til dei i likningar og lærte dei.

3. «Høyr her!» sa han. «Ein mann gjekk ut og skulle så.

4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.

5. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt.

6. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.

7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det, så det ikkje gav grøde.

8. Men noko fall i god jord. Det rann opp, voks og gav grøde: noko tretti foll, noko seksti foll og noko hundre foll.»

9. Og han sa: «Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

10. Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane.

11. Han svara: «De får vita løyndomen om Guds rike. Men til dei som er utanfor, vert alt sagt i likningar –

12. for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje skjøna, så dei kunne venda om og få tilgjeving.»

13. Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar?

14. Såmannen sår ordet.

15. Dei attmed vegen, det er dei som ordet vert sått i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sått i dei.

Les hele kapitlet Markus 4