Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 2:3-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han.

4. Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på.

5. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

6. Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg:

7. «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»

8. Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta?

9. Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå?

10. Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame –

11. «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»

12. Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»

13. Så gjekk Jesus ned til sjøen att. Der kom alt folket til han, og han lærte dei.

14. Då han gjekk framom tollbua, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat der. «Fylg meg!» sa Jesus. Då reiste han seg og fylgde han.

15. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Levi, og mange tollarar og syndarar sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans. Det var no mange som fylgde han.

16. Då dei skriftlærde av farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»

17. Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

18. Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?»

Les hele kapitlet Markus 2