Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 2:14-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då han gjekk framom tollbua, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat der. «Fylg meg!» sa Jesus. Då reiste han seg og fylgde han.

15. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Levi, og mange tollarar og syndarar sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans. Det var no mange som fylgde han.

16. Då dei skriftlærde av farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»

17. Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

18. Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?»

19. Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? Så lenge dei har brudgomen hjå seg, kan dei ikkje fasta.

20. Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei; når den dagen kjem, då skal dei fasta.

21. Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta vert større.

22. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!»

23. Ein gong bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på sabbaten, og læresveinane hans tok til å riva av aks medan dei gjekk.

24. Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei det som ingen har lov til på sabbaten?»

25. Han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde då han var i naud, og både han og mennene hans svalt?

26. Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta; han gav òg dei som fylgde han.»

27. Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten.

Les hele kapitlet Markus 2