Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 11:28-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»

29. Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

30. Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»

31. Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

32. Eller skal vi svara: Frå menneske?» – Men det torde dei ikkje for folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet.

33. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

Les hele kapitlet Markus 11