Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 11:16-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.

17. Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folkeslag? Men de har gjort det til ei røvarhole.»

18. Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista finna ei råd til å få rudt han or vegen. For dei var redde han, av di heile folket var gripe av læra hans.

19. Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane hans ut or byen.

20. Tidleg om morgonen gjekk dei framom fikentreet, og då fekk dei sjå at det hadde turka radt ifrå rota.

21. Peter kom i hug det som hadde hendt, og sa til Jesus: «Rabbi, sjå fikentreet som du bannstøytte! Det har turka.»

22. Men Jesus svara dei: «Ha tru til Gud!

23. Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå som han vil.

24. Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.

25. Men når de står og bed, og har noko å klaga ein annan for, må de tilgje han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.

26. Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.»

27. Dei kom atter til Jerusalem. Og medan Jesus gjekk ikring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han

28. og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»

29. Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

30. Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»

31. Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

32. Eller skal vi svara: Frå menneske?» – Men det torde dei ikkje for folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet.

Les hele kapitlet Markus 11