Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 10:35-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»

36. «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.

37. Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg, den eine på høgre og den andre på venstre sida di, når du tronar i din herlegdom.»

38. «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus.»Kan de drikka den skåla som eg drikk, eller ta den dåpen som eg tek?»

39. «Det kan vi,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Den skåla eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg får, skal de få.

40. Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er etla åt.»

41. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på Jakob og Johannes.

42. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som gjeld for fyrstar over folka, er herrar over dei, og stormennene styrer med hard hand.

43. Men såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre.

44. Og den som vil vera den fyrste av dykk, skal vera træl for alle.

45. For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»

46. Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut or byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus.

47. Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i og ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

48. Mange skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

Les hele kapitlet Markus 10