Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 5:4-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.»

5. «Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.»

6. Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna.

7. Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.

8. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.»

9. For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått.

10. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!»

11. Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.

12. Ein gong han var i ein av byane, kom det ein mann som var full av spedalsksykje. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»

13. Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil! Vert rein!» Og med det same var sjukdomen borte.

14. Men Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Gå berre og vis deg for presten,» sa han, «og ber fram offer for reinsinga di, så som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

15. Men gjetordet om han fór berre så mykje vidare, og folk kom i flokk og fylgje og ville høyra på han og verta lækte for sjukdomane sine.

16. Men sjølv drog han seg attende til aude stader og var der og bad.

17. Ein dag heldt han på og lærte folket, og der sat det nokre farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.

18. Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,

19. men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus.

Les hele kapitlet Lukas 5