Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 5:18-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,

19. men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus.

20. Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»

21. Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein, som spottar Gud? Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»

22. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?

23. Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå?

24. Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vende han seg til den lame – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»

25. Og med ein gong reiste mannen seg midt for augo deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.

26. Då vart dei heilt frå seg av undring alle saman og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting.»

27. Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!»

28. Då stod han opp, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus.

29. Ei tid etter heldt Levi eit stort gjestebod for han heime hjå seg. Og ein heil flokk tollarar og andre sat til bords saman med dei.

30. Farisearane og dei skriftlærde som var der, murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»

31. Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt.

32. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»

33. Så sa dei til han: «Læresveinane åt Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk.»

34. Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei?

35. Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei, og når den tida kjem, då skal dei fasta.»

36. Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt kledeplagg og brukar det til bot på eit gamalt. For då vert det nye kledeplagget sundrive, og bota frå det nye høver ikkje på det gamle.

Les hele kapitlet Lukas 5