Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 5:14-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Gå berre og vis deg for presten,» sa han, «og ber fram offer for reinsinga di, så som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

15. Men gjetordet om han fór berre så mykje vidare, og folk kom i flokk og fylgje og ville høyra på han og verta lækte for sjukdomane sine.

16. Men sjølv drog han seg attende til aude stader og var der og bad.

17. Ein dag heldt han på og lærte folket, og der sat det nokre farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.

18. Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,

19. men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus.

20. Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»

21. Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein, som spottar Gud? Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»

22. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?

23. Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå?

24. Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vende han seg til den lame – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»

25. Og med ein gong reiste mannen seg midt for augo deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.

26. Då vart dei heilt frå seg av undring alle saman og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting.»

27. Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!»

28. Då stod han opp, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus.

29. Ei tid etter heldt Levi eit stort gjestebod for han heime hjå seg. Og ein heil flokk tollarar og andre sat til bords saman med dei.

30. Farisearane og dei skriftlærde som var der, murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»

31. Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt.

Les hele kapitlet Lukas 5