Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 3:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.

16. Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.

17. Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

18. Dette og mykje anna la han folket på hjarta medan han bar fram bodskapen sin.

19. Men då han refste fylkeskongen Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt,

20. la Herodes ei ny misgjerning attåt alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.

21. Alt folket lét seg no døypa, og Jesus òg vart døypt. Då hende det medan han stod og bad, at himmelen opna seg,

22. og Den Heilage Ande dala ned over han i dueskapnad. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i!»

23. Jesus var ikring tretti år gamal då han tok til med si gjerning. Folk meinte at han var son til Josef, som var son til Eli,

24. son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef,

25. son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai,

Les hele kapitlet Lukas 3