Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 3:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det var i det femtande styringsåret åt keisar Tiberius. Pontius Pilatus var då landshovding i Judea, Herodes var fylkeskonge i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,

2. og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarja, i øydemarka.

3. Og han fór omkring i heile Jordan-landet, og forkynte at folket skulle venda om og la seg døypa, så dei kunne få tilgjeving for syndene sine,

4. som det står skrive i boka med orda åt profeten Jesaja:Ei røyst ropar i øydemarka:Ryd veg for Herren,gjer stigane hans rette!

5. Kvar dal skal fyllast,kvart fjell, kvar haug ¬skal jamnast.Dei krokete vegane ¬skal rettast ut,dei ujamne stigane verta slette.

6. Og alle menneske ¬skal sjå Guds frelse.

7. I flokk og fylgje drog folk ut til Johannes og ville at han skulle døypa dei. Men han sa: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den straffedomen som skal koma?

8. Så ber då frukt som svarar til omvendinga! Kom ikkje og sei: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane.

9. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.»

10. «Kva skal vi då gjera?» spurde folket.

11. Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»

12. Det kom òg nokre tollarar og ville verta døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»

13. «Krev ikkje meir enn de har rett til,» svara han.

14. «Kva så med oss,» spurde nokre soldatar, «kva skal vi gjera?» Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske klagemål, men ver nøgde med løna dykkar.»

15. Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.

16. Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.

17. Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Les hele kapitlet Lukas 3