Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 21:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skræma! For fyrst må dette henda; men enden kjem ikkje straks.

10. Og han heldt fram: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike;

11. det skal koma store jordskjelv, og mange stader hungersnaud og pest, og det skal henda fælslege ting og syna seg store teikn frå himmelen.

12. Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.

13. Då skal de få vitna for dei.

14. Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk.

15. Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot.

16. Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden.

17. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.

18. Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa.

19. Held de ut, skal de nå fram til livet.

20. Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart ligg øyde.

21. Då må dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen.

22. For straffedomstida er komen, då alt som står skrive, skal oppfyllast.

Les hele kapitlet Lukas 21