Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 21:32-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.

33. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

34. Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk

35. som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda.

36. Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.

Les hele kapitlet Lukas 21