Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 21:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden.

17. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.

18. Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa.

19. Held de ut, skal de nå fram til livet.

20. Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart ligg øyde.

21. Då må dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen.

22. For straffedomstida er komen, då alt som står skrive, skal oppfyllast.

23. Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket.

24. Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.

Les hele kapitlet Lukas 21