Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 15:22-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.

23. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade.

24. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.

25. Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans.

26. Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda.

27. «Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.»

28. Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.

29. Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.

30. Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!»

31. Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt.

32. Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»

Les hele kapitlet Lukas 15