Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 15:14-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.

15. Så gjekk han til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine; der skulle han gjæta svin.

16. Han ynskte berre å få metta seg med dei skolmane som grisane åt, for ingen gav han noko.

17. Då gjekk han i seg sjølv og sa: «Kor mange leigekarar heime hjå far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel!

18. Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.

19. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.»

20. Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.

21. Då sa sonen: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.»

22. Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.

23. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade.

24. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.

25. Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans.

26. Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda.

27. «Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.»

28. Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.

29. Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.

30. Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!»

31. Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt.

32. Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»

Les hele kapitlet Lukas 15