Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 15:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Tollarane og syndarane heldt seg nær til Jesus og høyrde på han.

2. Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.»

3. Då fortalde han dei denne likninga:

4. Om ein av dykk har hundre sauer og misser éin, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i marka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han?

5. Og når han har funne han, vert han glad og tek han på akslene sine.

6. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og grannar og seier til dei: «Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.»

7. Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending.

8. Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og misser éin, kveikjer ho ikkje då ljos og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han?

9. Og når ho har funne han, kallar ho saman vener og grannekoner og seier: «Gled dykk med meg! Eg har funne pengen eg hadde mist.»

10. På same måten, seier eg dykk, vert det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.

11. Så sa Jesus: Det var ein gong ein mann som hadde to søner.

Les hele kapitlet Lukas 15