Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:55-71 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

55. sin lovnad til fedrane våreog synte miskunn ¬mot Abrahamog hans ætt – til evig tid.

56. Maria vart verande hjå Elisabet om lag tre månader; så fór ho heim att.

57. Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.

58. Og då grannane og skyldfolket hennar fekk høyra kor stor miskunn Gud hadde synt henne, gledde dei seg med henne.

59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»

61. «Men det er då ingen i ætta di som har det namnet,» svara dei.

62. Så gjorde dei teikn til faren kva han ville guten skulle kallast.

63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,

64. men i det same fekk Sakarja att mål og mæle, og han tok til å prisa Gud.

65. Då kom det otte over alle dei som budde der ikring, og ordet om det som hadde hendt, breidde seg over alle fjellbygdene i Judea.

66. Alle som høyrde det, grunda på det og sa: «Kva skal vel dette barnet verta til?» Og Herren leidde han med si hand.

67. Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord:

68. Lova vere Herren, Israels Gud,for han har gjesta sitt folk ¬og løyst det ut.

69. Han har reist for oss ¬eit horn til frelsei sin tenar Davids ætt,

70. så som han lova ¬i gamle dagar,då han tala gjennom ¬sine heilage profetar

71. om å frelsa oss frå våre fiendarog frå alle dei som hatar oss.

Les hele kapitlet Lukas 1