Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:34-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?»

35. Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son.

36. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden.

37. For ingen ting er umogeleg for Gud.»

38. Då sa Maria: «Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så fór engelen bort att.

39. Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til ein by i Juda.

40. Der gjekk ho inn i huset åt Sakarja og helsa på Elisabet.

41. Då Elisabet høyrde helsinga hennar Maria, rørte barnet seg i livet hennar. Ho vart fylt av Den Heilage Ande

42. og sa med høg røyst: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er barnet du ber.

43. Korleis kan det ha seg at mor åt Herren min kjem til meg?

44. For då di helsing nådde øyra mitt, hoppa barnet i meg av fryd.

45. Ja, sæl er ho som trudde at det skulle oppfyllast, det Herren hadde sagt til henne.»

46. Då sa Maria:Mi sjel høglovar Herren,

Les hele kapitlet Lukas 1