Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:24-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg heime i fem månader.

25. «Dette har Herren gjort for meg,» sa ho. «I desse dagar har han sett til meg og teke bort vanæra mi mellom folk.»

26. Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,

27. til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria.

28. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»

29. Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda.

30. Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud.

31. Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus.

32. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans.

33. Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34. Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?»

35. Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son.

Les hele kapitlet Lukas 1