Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss,

2. slik vi har fått det overgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne og tenarar for Ordet.

3. No har eg granska alt vel frå fyrst av, og eg har sett meg føre at eg vil skriva det opp for deg i samanheng, vørde Teofilus,

4. så du kan sjå kor påliteleg det er, det du er opplært i.

5. I den tida då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Sakarja; han høyrde til det prestelaget som hadde namn etter Abia. Kona hans heitte Elisabet og var av Arons-ætta.

6. Begge levde etter Guds vilje. Dei fylgde alle Herrens bod og føresegner, og ingen hadde noko å seia på dei.

7. Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt uti åra.

8. Så var det ein dag Sakarja gjorde presteteneste for Gud, for turen var komen til hans lag.

9. Då dei kasta lodd, som prestane til vanleg gjorde, fall det på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.

10. Heile folkemengda stod utanfor og bad medan offeret vart bore fram.

11. Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret.

Les hele kapitlet Lukas 1