Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 4:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis.

14. Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas.

15. Helsa brørne i Laodikea, like eins Nymfa og kyrkjelyden som samlast heime hjå henne.

16. Når dette brevet er opplese hjå dykk, syt då for at det òg vert opplese for kyrkjelyden i Laodikea, og at de sjølve får lesa det brevet mitt som de får frå Laodikea.

17. Sei til Arkippus: Akta på den tenesta du har fått for Herren, så du fullfører henne.

18. Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. Kom i hug lekkjene mine! Nåden vere med dykk!

Les hele kapitlet Kolossarane 4