Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 1:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev.

10. Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud.

11. De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige.

12. Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset.

13. For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike.

14. Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.

15. Han er bilete ¬av den usynlege Gud,den fyrstefødde ¬som står over alt det skapte.

16. For i han vart alt skapt,i himmelen og på jorda,det synlege og det usynlege,dei som tronar ¬og dei som styrer,både makter og herredøme –alt er skapt ved han og til han.

17. Han er før alle ting,og alle ting står ved lag ved han,

18. han er hovudet for lekamen, ¬som er kyrkja.Han er opphavet,den fyrstefødde av dei døde,så han i eitt og alt ¬skal vera den fremste.

19. For det var Guds viljeat heile hans fullnad ¬skulle bu i han,

Les hele kapitlet Kolossarane 1