Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 1:23-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. så sant de vert ståande i trua, grunnfeste og trauste, og ikkje lèt dykk rikka frå den vona som evangeliet gjev. Og evangeliet har de høyrt, for det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.

24. No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja.

25. Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,

26. den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage.

27. Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom!

28. Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.

29. For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke.

Les hele kapitlet Kolossarane 1