Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 1:19-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. For det var Guds viljeat heile hans fullnad ¬skulle bu i han,

20. og ved han ville Gud forsona ¬alle ting med seg,det som er i himmelen ¬og det som er på jorda,då han skapte fred ¬ved hans blod, på krossen.

21. De var òg ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke på grunn av dei vonde gjerningane dykkar.

22. Men no har han forsona dykk med seg sjølv, då Kristus leid døden i sin jordiske lekam. Heilage, lytelause og ulastande ville han stella dykk fram for seg,

23. så sant de vert ståande i trua, grunnfeste og trauste, og ikkje lèt dykk rikka frå den vona som evangeliet gjev. Og evangeliet har de høyrt, for det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.

24. No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja.

25. Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,

26. den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage.

27. Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom!

Les hele kapitlet Kolossarane 1