Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Judas 1:2-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!

3. Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ynske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den tru som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.

4. For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som etter skriftene for lenge sidan er etla til dom. Dei misbrukar vår Guds nåde, så dei kan leva eit usedeleg liv, og dei fornektar vår einaste hovding og Herre, Jesus Kristus.

5. Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.

6. Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen.

7. Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld.

8. Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter.

9. Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!»

10. Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve.

11. Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.

12. Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan blygsle et og drikk. Dei er hyrdingar som berre syter for seg sjølve, vasslause skyer som driv med vinden. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, to gonger døde, ja, rivne opp med rot.

13. Dei er ville havbylgjer, skummande opp si eiga skam, vegville stjerner som det evige nattmørkret ventar på.

Les hele kapitlet Judas 1