Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.

7. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.»

8. Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.

9. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der.

10. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?»

11. «Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!»

12. Atter tala Jesus til folket og sa: «Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos.»

13. Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitnemålet ditt gjeld ikkje.»

14. Jesus svara: «Vitnar eg i eiga sak, er vitnemålet mitt sant likevel, for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av.

15. De dømer på menneskevis; eg dømer ingen.

Les hele kapitlet Johannes 8