Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:43-59 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

43. Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord!

44. De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.

45. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.

46. Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?

47. Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»

48. Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier at du er ein samaritan og er forgjord?»

49. «Eg er ikkje forgjord,» sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg.

50. Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømer.

51. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.»

52. Jødane svara: «No veit vi at du er forgjord. Abraham døydde, og profetane like eins. Og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden.

53. Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?»

54. Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud.

55. De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Sa eg at eg ikkje kjenner han, var eg ein lygnar, liksom de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord.

56. Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå han og fryda seg.»

57. «Du er enno ikkje femti år,» sa jødane, «og så har du sett Abraham?»

58. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Før Abraham var, er eg.»

59. Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.

Les hele kapitlet Johannes 8