Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. og sa: «Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot.

5. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?»

6. Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.

7. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.»

8. Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.

Les hele kapitlet Johannes 8