Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:30-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Då han sa dette, var det mange som trudde på han.

31. Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.

32. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

33. «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»

34. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.

35. Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.

36. Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

37. Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.

38. Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.»

39. «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.

40. Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.

41. De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.»

42. Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.

43. Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord!

44. De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.

45. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.

Les hele kapitlet Johannes 8