Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. og Jesus gjekk ut til Oljeberget.

2. Tidleg om morgonen dagen etter kom han til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei.

3. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram

4. og sa: «Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot.

5. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?»

6. Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.

7. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.»

8. Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.

Les hele kapitlet Johannes 8