Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:9-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk.Det var ein sabbat dette hende;

10. difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»

11. Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!»

12. «Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei.

13. Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der.

14. Seinare råka Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.»

15. Mannen gjekk, og han fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.

16. Jødane tok til å forfylgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten.

17. Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag, og eg arbeider òg.»

18. Etter dette var jødane endå meir huga på å drepa han, ikkje berre fordi han braut sabbaten, men òg fordi han kalla Gud far sin og gjorde seg sjølv lik Gud.

19. Då tok Jesus til ords og sa til dei:Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins.

20. For Faderen elskar Sonen og syner han alt det han sjølv gjer. Og han skal syna han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk.

21. For liksom Faderen reiser opp dei døde og gjer dei levande, såleis gjer Sonen òg levande dei han vil.

22. Og Faderen dømer ikkje nokon, men han har gjeve all dom over til Sonen,

23. så alle skal æra Sonen liksom dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Faderen som har sendt han.

24. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har evig liv og kjem ikkje for domen, men har gått over frå døden til livet.

25. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei døde skal høyra Guds Sons røyst, og dei som høyrer, skal leva.

Les hele kapitlet Johannes 5