Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:39-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

39. De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg!

40. Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.

41. Eg tek ikkje imot ære av menneske;

42. men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk.

43. Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot.

44. Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud?

45. Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Faderen. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar von til.

46. For hadde de trutt Moses, hadde de trutt meg òg, for det er om meg han har skrive.

47. Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis kan de då tru mine ord?

Les hele kapitlet Johannes 5