Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:31-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt.

32. Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant.

33. De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga.

34. Eg tek ikkje imot vitnemål av menneske; men eg seier dette så de skal verta frelste.

35. Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han.

36. Men eg har eit vitnemål som er sterkare enn det Johannes gav: dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføra. Dei gjerningane eg gjer, vitnar om at Faderen har sendt meg.

37. Ja, Faderen som sende meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, og hans skapnad har de aldri sett,

38. og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje.

39. De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg!

40. Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.

41. Eg tek ikkje imot ære av menneske;

42. men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk.

Les hele kapitlet Johannes 5