Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:25-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei døde skal høyra Guds Sons røyst, og dei som høyrer, skal leva.

26. For liksom Faderen har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv;

27. og han har gjeve han fullmakt til å halda dom av di han er Menneskesonen.

28. De må ikkje undrast på dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst.

29. Og dei skal koma fram; dei som har gjort godt, skal stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, skal stå opp til dom.

30. Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.

31. Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt.

32. Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant.

33. De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga.

Les hele kapitlet Johannes 5