Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter var det ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem.

2. Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam, som dei på hebraisk kallar Betesda. Kring dammen er det fem bogegangar.

3. Der låg det ei mengd sjuke: blinde, lame og vanføre. Dei venta på at vatnet skulle rørast opp.

4. For ein Herrens engel fór frå tid til tid ned i dammen og rørte opp vatnet. Den fyrste som då steig nedi etter at vatnet var opprørt, vart frisk, kva sjukdom han så leid av.

5. No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.

6. Då Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, sa han til han: «Vil du verta frisk?»

7. «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet vert opprørt; og medan eg er på vegen, stig ein annan uti føre meg.»

8. Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»

9. Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk.Det var ein sabbat dette hende;

10. difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»

11. Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!»

12. «Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei.

13. Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der.

14. Seinare råka Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.»

15. Mannen gjekk, og han fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.

Les hele kapitlet Johannes 5