Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 21:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød.

10. «Kom hit med noko av den fisken de fekk,» sa Jesus til dei.

11. Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota.

12. Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren.

13. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken.

14. Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.

15. Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød lamma mine!»

16. Og han seier til han andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!»

17. Så seier han tredje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: «Held du av meg?» Og han svara: «Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød sauene mine!

18. Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»

19. Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med.Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Fylg meg!»

20. Peter snudde seg og såg at den læresveinen som Jesus hadde kjær, fylgde etter. Det var han som hadde bøygt seg nærare innåt Jesus då dei heldt måltid, og spurt: «Herre, kven er det som skal svika deg?»

21. Då Peter såg han, sa han til Jesus: «Herre, korleis skal det så gå med han?»

Les hele kapitlet Johannes 21