Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 21:5-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei,» svara dei.

6. «Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,» sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått.

7. Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.

8. Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag.

9. Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød.

Les hele kapitlet Johannes 21