Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 21:22-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Jesus svara: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Fylg du meg!»

23. Så kom det ordet ut mellom brørne: «Den læresveinen skal ikkje døy.» Men Jesus sa ikkje at han ikkje skulle døy; det han sa, var: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det?»

24. Det er den læresveinen som vitnar om desse ting og har skrive dette. Og vi veit at vitnemålet hans er sant.

25. Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne røma dei bøkene som då måtte skrivast.

Les hele kapitlet Johannes 21