Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 2:19-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»

20. Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»

21. Men det templet han tala om, var lekamen hans.

22. Då han hadde stått opp frå dei døde, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.

23. Medan han var i Jerusalem i påskehelga, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde.

24. Men Jesus trudde seg ikkje til dei, for han kjende dei alle.

25. Han trong ikkje til vitnemål frå andre om noko menneske, for han visste sjølv kva som budde i mennesket.

Les hele kapitlet Johannes 2