16. og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!»
17. Då kom læresveinane hans i hug at det står skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg opp.
18. Då tok jødane til ords og spurde han: «Kan du syna oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?»
19. Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»
20. Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»
21. Men det templet han tala om, var lekamen hans.