Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 2:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han.

12. Sidan fór han ned til Kapernaum saman med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.

13. Det leid no til påskehelga åt jødane, og Jesus fór opp til Jerusalem.

14. På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.

15. Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,

16. og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!»

Les hele kapitlet Johannes 2