Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 17:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt.

7. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg.

8. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg.

9. Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine.

10. Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei.

11. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt.

12. Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast.

13. No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål.

14. Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda.

15. Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde.

Les hele kapitlet Johannes 17