Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 17:12-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast.

13. No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål.

14. Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda.

15. Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde.

16. Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda.

17. Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning.

18. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.

19. Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga.

20. Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.

21. Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.

22. Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt:

23. eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg.

24. Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd.

25. Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg.

Les hele kapitlet Johannes 17