Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 17:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg.

2. For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.

3. Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.

4. Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.

5. Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.

6. Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt.

7. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg.

8. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg.

Les hele kapitlet Johannes 17