Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 16:24-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.

25. Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen.

26. Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk;

27. for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud.

28. Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.»

29. Då sa læresveinane: «No talar du beint fram, og det du seier, er ikkje gåtefullt.

30. No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng til at nokon spør deg; difor trur vi at du har gått ut frå Gud.»

31. Jesus svara: «Trur de no?

32. Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då de skal spreiast og gå kvar til sitt og la meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Faderen er med meg.

33. Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsle; men ver frimodige: Eg har sigra over verda!»

Les hele kapitlet Johannes 16