Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 16:1-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall.

2. Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste.

3. Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg.

4. Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk.

5. No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»

6. For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.

7. Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.

8. Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er:

9. Synda er at dei ikkje trur på meg;

10. retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;

11. domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

12. Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.

13. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.

14. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

15. Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

16. Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg.

17. Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og: Eg går til Faderen?

18. Kva tyder dette: om ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om.»

19. Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Talar de om det eg sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om ei lita stund att skal de få sjå meg?

20. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gleda seg. De skal syrgja, men sorga skal vendast til glede.

21. Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er født til verda.

Les hele kapitlet Johannes 16