Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 15:18-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst.

19. Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

20. Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg.

21. Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg.

22. Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med.

23. Den som hatar meg, hatar Far min òg.

24. Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min.

25. Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn.

26. Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg.

Les hele kapitlet Johannes 15