Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 15:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.

11. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen.

12. Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.

13. Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.

14. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.

15. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min.

16. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn.

17. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

18. Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst.

19. Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

20. Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg.

21. Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg.

22. Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med.

23. Den som hatar meg, hatar Far min òg.

Les hele kapitlet Johannes 15